Meg bak kameraet og Odd Magne foran. Fotografen er Morten Kolve, takk !

Første post !

Hei hei,

prøver meg på en blogg om fremgang, suksess og feil eg har gjort, og kjem til å gjera når det gjeld til Våtplate kollodium.

Våtplate kollodium er ein gammal fotograferisk prossess som ble oppfunnet av Fredrick Scott Archer i 1851. Det går utpå å helle saltet kollodium på ei flate, feks glass, aluminium eller tilsvarende. Ofte er den svart, kvifor skal eg forklare seinere. Deretter vert plata senka ned i eit sølvnitrat-bad kor plata vert sensitiv for lys, så herfra og inn må plata ikkje verte eksponert for uv-lys, diforr foregår resten i enten eit mørkerom eller eit portabelt mørkerom om ein er på reisefot. utstyrt med rødt lys, som plata ikkje er sensitiv for.


Etter omkring 4minutter er plata klar for å setjast i plateholdaren og takast ut til kameraet for å verte eksponert. Eg bruker kameraer som tar plater fra «quarter-plate» (ca 8,3 x 10,8cm) opptil 8×10″ (ca 20x25cm), har og eit kamera eg driv på å gjer klart no som er heile 30x40cm, eg gleder meg til å få prøve så store plater. Som regel må ein ha ei lukkertid på mellom 2 og 10sekunder under normale forhold ute, men dette er selvfølgeleg veldig avhenging av lyset og kor «raskt» objektivet på kameraet er.
Deretter er det tilbake til mørkerommet for å fremkalle plata i ei blanding av eddiksyre, alkohol, vatn og jernsulfat. Så fort den er fremkalla, noko som tar 15sekunder for ein positiv så er plata ikkje lenger lyssensitiv, så da kan ein ta på lyset og «stoppe» fremkallinga ved å helle over vatn. Så er plata klar for å fikseres, dette gjerast i eit bad av enten Potassium-cyanide (meget farlig) eller som eg gjør, enten i anti-klor eller Ilford Rapid fix. Dette fungerer tilnærma like godt som potassium-cyanide, men er litt treigere og ein trenger noko meir vask etterpå for å få vekk fiksen.
Heilt tilslutt, når plata er tørka og klar så tar ein på varnish, eller ferniss, som det vert kalla på norsk. Eg bruker ein blanding av Gum sandarac, (sevje fra eit litt eksotisk tre), alkohol og lavendelolje. Dette er det som beskytter plata mot småskader og det aller viktigste, så sølvet ikke oksiderer og vert mørkt/svart.

Tilbake til kvifor plata som regel er svart, det er fordi for å få ein positiv så må «bakgrunnen» vere svart. Tar du det på klart glass vil det se ut og oppføre seg som eit negativ, men maler du baksiden svart, eller bare holder noko svart bak så ser det plutselig ut som ein positiv ein kan hengje rett på veggen. På grunn av dette så har ein mulighet til å både laga positiver ein kan henge på veggen, men også negativer ein kan bearbeide vidare, feks lage saltprints, blåkopier (cyanotypes), van dyke brown, gum bichromate osv osv. Mulighetene er uendelege.

Her er eit par bilder eg har tatt, eller som Vidar har tatt av meg.

Så det eg håper eg vil poste her etterkvart er utflukter eg har, ting eg lærer, kanskje lage nokre videoer på norsk som forklarer prossessen, oppskrifter og annet. Vi får se korleis det går, eg er diverre kjent for å ikkje ta vare på bloggane eg starter, men håper denne kan forandre på det. Uansett, håper det vert interessant, både for dykk og meg !


Jonny

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *