Ein liten våtplate sesjon

Hallois.

Hadde meg ein liten sesjon med våtplate fotografering ikveld. Tok nokre still-life, eller som Vidar har lært meg heiter stilleben (?) på godt norsk 😉

Resultatet av kveldas økt. Litt usikker på ka som skjedde med plata oppe til venstre. Så var det første med litt anna sentrering av flaska enn de andre, og så var det ei palte med ein stygg strek på. Så, til slutt så er det bare ei av platene som ble "brukande".

Resultatet av kveldas økt. Litt usikker på kva som skjedde med plata oppe til venstre. Så var det første plata eg tok med litt anna sentrering av flaska enn dei andre, den fekk og ein stygg strek på seg. Så, til slutt så er det berre 2 av platene som ble «brukande».

Her er oppsettet:

Oppsettet

250ws blits som eg avfyrte 4 ganger per bilde, så 1000ws var "alt" som skulle til for få eit bilde med objektiv med blender f4,5.

250ws blits som eg avfyrte 4 ganger per bilde, så 1000ws var «alt» som skulle til for få eit bilde med objektiv med blender f4,5.

Her er objektivet eg brukte idag, ein darlog med ca 16tommer / 400mm brennvidde og blender f4,5

Her er objektivet eg brukte idag, ein darlog med ca 16tommer / 400mm brennvidde og blender f4,5

Måtte jo prøve meg på eit anna type bildet, her ser ein "bildet" eg tok reflektert i objektivet...

Måtte jo prøve meg på eit anna type bildet, her ser ein «bildet» eg tok reflektert i objektivet…

Så det var det, poster nok plata seinere når den er tørka og har fått på seg litt ferniss/varnish.
Ellers skal eg til Nesodden imorgo for å hente meg ein nytt kamera eg har kjøpt, eit dedikert 8×10 våtplate kamera, produsert av Star Camera Company i USA, trolig i 2008/2009, så dette er da ein replika, blir spennande. Mannen som står bak kameraet heiter Ray Morgenweck og har laga forskjellige replika kameraer i mange år og er relativt kjent når det kjem til det. Ellers så følger det med eit stativ eg sårt trenger og ein 8×10 sølv-nitrat boks til, det er ikkje noko eg treng, men skadar vel ikkje å ha ein i reserve 😉
Vert og ein tur innom Øystein Lystad på Jessheim for å sjå på nye gymsalen han har omgjort til eit flott studio/mørkerom etter kva eg har høyrt, så det vert spennande. Han har planer, om han ikkje er starta allerede, om å begynne med platinum/palladium printing, noko som imponerer meg stort, og noko eg gjerne kunne tenkt meg å prøvd sjølv ein gong i framtida.

Peace out !

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *