Månadsarki: oktober 2013

Vestlandstur

Då har eg hatt meg ei veke på vestlandet, kjære vestland !
Vart ikkje så altfor mykje fotografering, men fekk meg no ein tur på Stalheim kor eg fotograferte Jordalsnuten, flott motiv. Så var eg ein tur til Førde kor eg møtte Dieter Schneider, utviklar av nettsida http://wetplategallery.net og tilhøyrande facebook-side https://www.facebook.com/wetplategallery, og var i studioet hans nokre timar. Me fotograferte eindel, men fekk litt problem med kollodiumen hans, (iallefall den foreløpige  hypotesen), da kollodiumen min såg ut til å fungere fint. Men ellers så var det veldig kjekt å få møta enda ein norsk våtplate-fotograf, ein med nokre av dei same interessene ! Sidan han er ein allerede etablert fotograf, så har han lyssetting i «henda», og det er noko som gjenspeiles i bildene hans, utruleg dyktig! Så det var morro å få sjå litt på korleis han arbeidde og få meg nokre tips heimatte.
Berre ta ein kikk på desse bildene hans:
http://www.wetplategallery.net/2013/10/15/autumn-queen/
og
http://www.wetplategallery.net/2013/10/08/portrait/

Her er mattskiva avfotografert med Jordalsnuten som "motiv".

Her er mattskiva avfotografert med Jordalsnuten som «motiv».

Les meir

Liten uviktig oppdatering

Heisann !

001_1_web

Ville berre skrive ein post for å sei at eg fortsatt er her, og har ikkje gløymt bloggen, ikkje enda iallefall.
I helga, så fotograferte eg nokre plater, Totalt 4 18x24cm plater, 2 5×7″ og 2 10x15cm. Dei første platene på lørdag var for å finne ein nokolunde riktig eksponering for søndag da eg skulle fotografere Tiril, dattera til de eg leier leiligheta mi av. Med eit par test eksponeringer så vert det litt mindre tullball når platene som er viktige skal takast.

Les meir