Vestlandstur

Då har eg hatt meg ei veke på vestlandet, kjære vestland !
Vart ikkje så altfor mykje fotografering, men fekk meg no ein tur på Stalheim kor eg fotograferte Jordalsnuten, flott motiv. Så var eg ein tur til Førde kor eg møtte Dieter Schneider, utviklar av nettsida http://wetplategallery.net og tilhøyrande facebook-side https://www.facebook.com/wetplategallery, og var i studioet hans nokre timar. Me fotograferte eindel, men fekk litt problem med kollodiumen hans, (iallefall den foreløpige  hypotesen), da kollodiumen min såg ut til å fungere fint. Men ellers så var det veldig kjekt å få møta enda ein norsk våtplate-fotograf, ein med nokre av dei same interessene ! Sidan han er ein allerede etablert fotograf, så har han lyssetting i «henda», og det er noko som gjenspeiles i bildene hans, utruleg dyktig! Så det var morro å få sjå litt på korleis han arbeidde og få meg nokre tips heimatte.
Berre ta ein kikk på desse bildene hans:
http://www.wetplategallery.net/2013/10/15/autumn-queen/
og
http://www.wetplategallery.net/2013/10/08/portrait/

Her er mattskiva avfotografert med Jordalsnuten som "motiv".

Her er mattskiva avfotografert med Jordalsnuten som «motiv».

Ellers tok eg nokre bilder på 4×5″ planfilm, som eg ikkje har framkalla enda. Hadde ein nydelig tur, kor mesteparten av tida var sett av til å få bilen klar til EU-godkjenning, så får me no sjå korleis det går…

Mørkeromsboksen min på Stalhein

Mørkeromsboksen min på Stalhein

Mørkeromsboksen min med Jordalsnuten i bakgrunnen.

Mørkeromsboksen min med Jordalsnuten i bakgrunnen.

Kameraet mitt oppsatt med utsikt mor Jordalsnuten

Kameraet mitt oppsatt med utsikt mor Jordalsnuten

Eine 5x7" plata eg tok den dagen.

Eine 5×7″ plata eg tok den dagen.

Og her er ein «litt» «bedre» digital versjon av ei anna plata frå dagen, men den ser SÅ UTRULEG mykje bedre ut når ein held den i handa enn den gjer på desse digitale reproduksjonane, har etterkvart at nokre plater vil rett og slett ikkje verta digitaliserte på ein OK bra måte uansett, og det er ofte dei platene med mykje skyggepart, og dermed eindel «svart» i bildet, men men Det viktigate, for meg iallefall, er plata eg held i handa eller heng på veggen =)

5z7" plate fra Stalheim

5z7″ plate fra Stalheim

 

3 tankar om “Vestlandstur

  1. Dieter

    Halloen. Takker for hyggelige ord og gode tips når du var på besøk 🙂 Løste problemet med å rense alt og filtrere sølvbad og fixer. Vet ikke hva som skapte problemet, men det ser ut til at alt fungerer bra igjen nå i allefall. Jeg undersøkte plata du hadde med hvit bakside og sammenligna med platene mine. Den er ganske forskjellig, overflaten på platen din var mye mer «plastikkaktig» på begge sider. Lurer på om det faktisk kan ha vært noe med platen som har påvirket prosessen med Old Workhorse kollodiumen. Spennende med utendørs foto. Vi får prøve å få til en fotosafari med våtplater en gang 🙂

    Svar
    1. taulen Skribent

      Hei igjen. Takk for sist !
      Så bra du fekk ordna opp i problemet, sjølv om eg ikkje heilt forstår kva som kan ha skjedd … Har brukt de platene siden Juni uten problemer for min kjemi, så det var berre merkeleg. Men men, ingenting er bedre enn at det fungerer for deg igjen iallefall ! Og ja, utendørsfoto er nok det eg «brenner» mest for, er absolutt noko «eget» med å ta med heile «mørkerommet» ut i marka for å ta nokre bilder. Er så absolutt med på å få til ein fotosafari ein gong ja, men vert vel ikkje før til våren igjen no, er skikkeleg kaldt for tida ! Ser fram til neste møte uansett.

      Svar

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *