Mørkeromsarbeid og toning.

Hallo hallo.
Har vert så kaldt de siste vekene at våtplate-fotografering ute har ikkje frista så mykje, det vert og så altfor tidlig mørkt om kveldane… Så det eg har gjort istedet er å kose meg i «mørkerommet» med forstørring av «gamle» negativer, og anna småtteri. For eksempel har eg prøvd meg på å tone mørkeromskopier med ein sepia toner fra Foma.

Min Omega D2 forstørrer som kan ta negativer opptil 4x5".

Min Omega D2 forstørrer som kan ta negativer opptil 4×5″.

Så derfor har eg og laga eit par videoer kor eg viser korleis eg jobber i mørkerommet blant anna. Ellers er planen å få prøvd å ta nokre våtplater inne ein av dei næraste dagane med blitz, berre for moro skuld, eigentleg.

Her kjem videoane, ein med berre toning av eit 8×10″ negativ kontaktkopiert på eit 24x30cm Agfa Brovira papir, og i den andre videoen heile prossessen fra forstørringa av eit 4×5″ negativ ned på eit papir av samme type og størrelse som kontaktkopieringa.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *