Salt Printing

«allo «allo !
Eg var ein tur bortom Vidar på Hamar sida og henta meg noko sølvnitrat han hadde kjøpt inn til både seg sjølv og eit par hundre gram til meg. Terje kom og på besøk, kjekt å få helsa på han igjen og, ikkje sett han sidan me var samla i Larvik i sommar.

Mine første salt prints, brukt 4x5" filmnegativ og ein liten prototype UV-lysboks.

Mine første salt prints, brukte 4×5″ filmnegativ og ein liten prototype UV-lysboks.


Så ja, sølvnitratet er jo hovedsaklig til våtplate-fotograferinga, for å gjere plata sensitiv lys. Men det kan også brukes til å lage såkalla salt prints. Ein prossess som ble først brukt i 1839, og ble brukt mykje i nokre tiår, før andre prossesser tok over, som feks Albumen printing, som ble oppfunnet i 1850, men hadde blei brukt mest i åra 1860-1890. Dette er og ein prossess eg har lyst til å prøve ut i fremtida.

Så ja, her kjem eit par bilder av UV-lysboksen eg planlegger. Dette var bare for å teste lyset, og sjå at eg fekk nok lys, og riktig lys for desse prossessane. Når eg etterkvart lagar ein skikkelig boks for uv-printing så skal eg lage ein meir utfyllanda blog-post om det.

Prototype på UV-lysboks.

Prototype på UV-lysboks.

Prototype på UV-lysboks.

Prototype på UV-lysboks.

Og det siste saltprintet eg har laga er av broderen.

Mitt andre forsøk, og tredje salt print. Også fra 4x5" filmnegativ.

Mitt andre forsøk, og tredje salt print. Også fra 4×5″ filmnegativ.

Oppskrifta eg har brukt på desse 3 printa er den enklaste som fins.

Del 1:
20gram havsalt
1 000ml vatn
Blandast godt

Del 2:
13gram sølvnitrat
100ml vatn
Blandast godt

Prosedyre:

Det eg gjer først er å velge papiret eg skal bruke, måle opp kor eg vil ha bildet på arket, og lage nokre små merker i hjørnene slik at eg veit kor eg skal legge på væskene, saltet og sølvet, og også kor eg skal legge negativet når det skal ned i UV-boksen for å bli eksponert. Deretter sett eg eit lite kryss på baksida av papiret, slik at eg alltid veit kva som er baksida.

Først begynner eg med saltløsinga, eg bruker små bomullsdotter for å få væska jevnt utover papiret. Deretter må dette tørke, enten bare ved å ligge å tørke ei god stund, eller som eg som regel gjer, bruker ein hårføner for å få fortgang i prossessen. Når papiret er tørt, kan ein legge på sølvnitrat-løsinga. Både salt- og sølvnitrat-løsinga er «gjennomsiktig», utan farge, så det er vanskelig å sjå kor ein påfører desse, derfor er det greit å ha merka opp kor ein vil ha det. Så er det igjen å tørke, enten over tid, eller med hårføner.  Så fort det er tørt er det berre å sette igang eksponeringa. Eg brukar eit bitteliten gjennomsiktig teiptbit forå holde negativet der eg ønsker det på papiret. Legg det hele i kontaktkopieringsramma, og legg det over UV-lyset, om du ikkje lever i mørke Norge på vinterstid, kan du også gjøre det ute, under sola eller i skyggen, avhenging av hvor raskt, kontrasten vil også generelt øke jo tregere eksponeringa går, opptil ei viss tid. Med UV-boksen eg har brukt på dei 3 printa eg har gjort no, har eg prøvd 3 ulike tider, første 1time, blei litt undereksponert. andre forsøk var 2 timer, nokså bra, kanskje litt overeksponert. Desse 2 var det samme negativet. På tredje forsøk så brukte eg eit anna negativ, og då prøvde eg berre å sjå på sjølve printet underveis i eksponeringa, og stoppa det når eg syns det var passe, det var etter 1 time og 30 minutter. Deretter må printet vaskes ei stund, 5-10-15 minutter, for å få ut ikkje eksponert sølv, deretter må bildet «fikseres» i ei hype blanding. Og til slutt vask/skylles i 30minutter oppmot 1time.  Blei ganske bra. Litt lite kontrast egentlig, men det er ganske vanlig på salt prints om ein bruker «vanlige» negativ, som ikkje er eksponert og fremkalt for bruk i salt printing. Ein kan også øke kontrasten bittelitt med å bruke feks gulltoner for å tone bildet, da vil det gå fra oransje/brun-aktig/gullbrun mot mørkt blålig, og om du toner lenge nok, nesten helt svart/hvitt. Ein kan også bruke «potassium dichromate» for å øke kontrasten. Gulltoner vil også hjelpe på å holde printet enda mer beskytta mot «vær og vind» over tid.

Grunnen til at eg prøver meg på salt prints er jo for å kunne bruke våtplate negativer for å lage salt prints, noko som var mykje brukt på tida våtplatefotograferinga var brukt, i lag med albumen printing.  Så dette blir nok kanskje ein spennande vinter !

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *