001_1_web

Litt nytt.

Hei hei !

Blir ofte litt for lenge mellom innlegga her, men men.
For tida så er det eindel som skjer, eg skal arrangera eit treff for våtplate (storformat)fotografering på Voss, nærmare bestemt Taulen Camping i slutten av Mai måned. 28/29. Mai til  1.Juni. DU er og hjarteleg velkommen !
Så for å få alt klart til da er det eindel som må gjerast. Blant anna laga to nye sølvtanker til sølvnitrat, ein som tar 10×10″ plater og ein som tar 17×17″. Så eg skal endelig få brukt da stora 30x40cm kameraet eg kjøpte for ein stund tilbake. Så for å kunne bruka da så må eg laga eit nytt bakstykke til da, så har laga mattskive, og begynt på eindel av treverket, men eindel gjennstår før da er klart. Så har eg og laga meg ei ny kontaktkopieringsramme som tar papir opptil 45x55cm slik at eg kan kontaktkopiera negativa eg vil få fra 30x40cm (faktisk 40x40cm) kameraet. Og da treng eg og ein uv-eksponerings boks så eg kan driva på med salt-prints, cyanotype, albumen, og kanskje carbon-prints sjølv om det er stygt vær, eller kanskje berre på natta…

Så der har eg lodda 1440stk 5mm UV-lysdiodar, og nesten 500 motstandara på kretskort,  som vert satt ned i boksen og som vil kunne eksponere nesten 50x50cm totalt. Alt skal ned i ein boks som tar papir opptil 50x60cm og som da akkurat er stor nok til den nye kontaktkopieringsramma.
Ellers driv eg på å planlegg ein lengre «roadtrip» i sommar, kjem til å reise den 27/28. Juli, og verta vekke nesten 4veker. Planen er å reise nedover Danmark, Tyskland, Sveits, Italia, Slovenia, og så i øst-europa har eg ikkje noko direkte planar, kjem litt annpå kor mykje tid eg har, osv, men hadde vore morro å køyrt eindel sørover, mot Kroatia, Serbia/Bosnia, kanskje østover i Romania før eg snur nesa heimøve igjen, og køyrer innom Tsjekkia og Polen, før det blir Tyskland/Danmark og heim igjen. Eg skal ha med meg 30x40cm kameraet og håpar det vert mulegheiter for å få tatt ein heil del plater, helst negativer som eg kan bruke seinere til printing osv, men og sikkert nokre positiver, enten på glass eller aluminium. Skal blant anna innom Borut Peterlin i Slovenia for å fotografere litt med han, og i Tsjekkia skal eg innom Mamut Photo for å handle litt collodion, og besøke kopien av Josef Sudek sitt atelier/studio i Praha. Og om det vert muligheit til det så håper eg å få sett MotoGP i Brno den 18. August. Det hadde vore utruleg moro.

Tilbake til treffet på Voss, det er ein 7-8stk som har sagt dei skal komme, og meg håpar at enda fleire bestemmer seg for å ta turen. Så me håpar på fint vær og muligheiter til mykje fotografering, kanskje ta ein tur i Nørøydalen, Stalheim osv, og det hadde vore veldig kjekt å få tatt nokre 30×40/40x40cm negativer som ein kunne jobba meir med om kvelden osv med printing av forskjellige teknikker. Det kjem eit par som aldri har prøvd våtplate fotografering tidligare, så det vert kjekt å sjå om me kan få enda fleire interessert i denne flotte prossessen ! Jo fleire, jo bedre ! =) Så om du leser dette, og ikkje har noko planer den helga, er det berre å ta kontakt eller møta opp, enten berre for å slå av ein prat, sitta modell eller vera med å fotografera, du er lika velkomen uansett !
Ellers kjem Vidar til å bringa med seg forskjellig utstyr, blant anna eit Stereo kamera som kan verta utruleg morro å få prøvd ut litt ! Eg veit om nokre som nettopp har starta å samla samman utstyr og kjemikalier for å begynna, og det er mykje spennande utstyr som kjem til å ta seg ein tur på treffet, for dei som likar slikt 😉

peace out

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *