Kategoriarkiv: Diverse

Heimelaga 4×5″ sølvnitratstank

Hallois !

4x5" Sølvtank - Front

4×5″ Sølvtank – Front

Eg kom i kontakt med ein person som nettopp har starta med våtplatefotografering her i Norge, og som framtil no, slik eg forsto det berre har brukt eit «kar»/»tray» til sølvnitratet. Eg anbefalte han å skaffe seg ein tank, av typen vertikal/skrå. Gjør det mykje enklere å få sølvnitratet til å sette seg fint og jevnt over heile plata, sidan ein da får dyppa plata raskt og «rolig» ned i badet.

Les meir

Salt Printing

«allo «allo !
Eg var ein tur bortom Vidar på Hamar sida og henta meg noko sølvnitrat han hadde kjøpt inn til både seg sjølv og eit par hundre gram til meg. Terje kom og på besøk, kjekt å få helsa på han igjen og, ikkje sett han sidan me var samla i Larvik i sommar.

Mine første salt prints, brukt 4x5" filmnegativ og ein liten prototype UV-lysboks.

Mine første salt prints, brukte 4×5″ filmnegativ og ein liten prototype UV-lysboks.

Les meir

Mørkeromsarbeid og toning.

Hallo hallo.
Har vert så kaldt de siste vekene at våtplate-fotografering ute har ikkje frista så mykje, det vert og så altfor tidlig mørkt om kveldane… Så det eg har gjort istedet er å kose meg i «mørkerommet» med forstørring av «gamle» negativer, og anna småtteri. For eksempel har eg prøvd meg på å tone mørkeromskopier med ein sepia toner fra Foma.

Min Omega D2 forstørrer som kan ta negativer opptil 4x5".

Min Omega D2 forstørrer som kan ta negativer opptil 4×5″.

Les meir

Vestlandstur

Då har eg hatt meg ei veke på vestlandet, kjære vestland !
Vart ikkje så altfor mykje fotografering, men fekk meg no ein tur på Stalheim kor eg fotograferte Jordalsnuten, flott motiv. Så var eg ein tur til Førde kor eg møtte Dieter Schneider, utviklar av nettsida http://wetplategallery.net og tilhøyrande facebook-side https://www.facebook.com/wetplategallery, og var i studioet hans nokre timar. Me fotograferte eindel, men fekk litt problem med kollodiumen hans, (iallefall den foreløpige  hypotesen), da kollodiumen min såg ut til å fungere fint. Men ellers så var det veldig kjekt å få møta enda ein norsk våtplate-fotograf, ein med nokre av dei same interessene ! Sidan han er ein allerede etablert fotograf, så har han lyssetting i «henda», og det er noko som gjenspeiles i bildene hans, utruleg dyktig! Så det var morro å få sjå litt på korleis han arbeidde og få meg nokre tips heimatte.
Berre ta ein kikk på desse bildene hans:
http://www.wetplategallery.net/2013/10/15/autumn-queen/
og
http://www.wetplategallery.net/2013/10/08/portrait/

Her er mattskiva avfotografert med Jordalsnuten som "motiv".

Her er mattskiva avfotografert med Jordalsnuten som «motiv».

Les meir

Liten uviktig oppdatering

Heisann !

001_1_web

Ville berre skrive ein post for å sei at eg fortsatt er her, og har ikkje gløymt bloggen, ikkje enda iallefall.
I helga, så fotograferte eg nokre plater, Totalt 4 18x24cm plater, 2 5×7″ og 2 10x15cm. Dei første platene på lørdag var for å finne ein nokolunde riktig eksponering for søndag da eg skulle fotografere Tiril, dattera til de eg leier leiligheta mi av. Med eit par test eksponeringer så vert det litt mindre tullball når platene som er viktige skal takast.

Les meir

Nye inserts til plateholderen

Idag har eg laga meg 2 nye inserts til 8×10 plateholderen til det nye kameraet mitt. itillegg til at eg fant ut at eg hadde 2 orginale kodak inserts som passer inn i 8×10 inserten. Så da har eg inserts til quarter-plate, half-plate, 10x15cm, 5×7″, whole-plate, 18x24cm og 8×10″.

Orginal half-plate insert

Orginal half-plate insert

Les meir

Nytt dedikert våtplate kamera.

Hei hei !

Da har eg fått eit nytt kamera i hus, eit 8×10 kamera, dedikert til våtplate fotografering. Har også fått fotografert ei glassplate med det allerede, gjekk meget bra, både eksponeringa og alt satt på første forsøk, det må vel vere eit bra tegn…

Mitt nye 8x10 Star Camera Company kamera, produsert av Ray Morgenweck

Mitt nye 8×10 Star Camera Company kamera, produsert av Ray Morgenweck

Les meir

Ein liten våtplate sesjon

Hallois.

Hadde meg ein liten sesjon med våtplate fotografering ikveld. Tok nokre still-life, eller som Vidar har lært meg heiter stilleben (?) på godt norsk 😉

Resultatet av kveldas økt. Litt usikker på ka som skjedde med plata oppe til venstre. Så var det første med litt anna sentrering av flaska enn de andre, og så var det ei palte med ein stygg strek på. Så, til slutt så er det bare ei av platene som ble "brukande".

Resultatet av kveldas økt. Litt usikker på kva som skjedde med plata oppe til venstre. Så var det første plata eg tok med litt anna sentrering av flaska enn dei andre, den fekk og ein stygg strek på seg. Så, til slutt så er det berre 2 av platene som ble «brukande».

Les meir

Meg bak kameraet og Odd Magne foran. Fotografen er Morten Kolve, takk !

Første post !

Hei hei,

prøver meg på en blogg om fremgang, suksess og feil eg har gjort, og kjem til å gjera når det gjeld til Våtplate kollodium.

Våtplate kollodium er ein gammal fotograferisk prossess som ble oppfunnet av Fredrick Scott Archer i 1851. Det går utpå å helle saltet kollodium på ei flate, feks glass, aluminium eller tilsvarende. Ofte er den svart, kvifor skal eg forklare seinere. Deretter vert plata senka ned i eit sølvnitrat-bad kor plata vert sensitiv for lys, så herfra og inn må plata ikkje verte eksponert for uv-lys, diforr foregår resten i enten eit mørkerom eller eit portabelt mørkerom om ein er på reisefot. utstyrt med rødt lys, som plata ikkje er sensitiv for.

Les meir