Meg bak kameraet og Odd Magne foran. Fotografen er Morten Kolve, takk !

Om

Eg gjer meg klar til å ta bildet av Odd Magne. Fotografen er Morten Kolve, takk !

Eg gjer meg klar til å ta bildet av Odd Magne. Fotografen er Morten Kolve, takk !

Hei hei,

prøver meg på en blogg om fremgang, suksess og feil eg har gjort, kjem til å gjera når det kjem til Våtplate kollodium.

Våtplate kollodium er ein gammal fotograferisk prossess som ble oppfunnet av Fredrick Scott Archer i 1851. Det går utpå å helle saltet kollodium på ein flate, feks glass, aluminium eller tilsvarende. Ofte er den svart, hvorfor skal eg forklare seinere. Deretter vert plata senka ned i eit sølvnitrat-bad kor plata blir sensitiv for lys, så herfra og inn må plata ikkje vere eksponert for uv-lys, derfor foregår resten i enten mørkerom eller eit portabelt mørkerom om ein er på reisefot. utstyrt med rødt lys som plata ikkje er sensitiv for.
Etter omkring 4minutter er plata klar for å settes i holderen og takest ut til kameraet for å bli eksponert. Eg bruker kamera fra «quarter-plate» (ca 8,3 x 10,8cm) opptil 8×10″ (ca 20x25cm), har eit kamera eg driv på å gjer klart no som er heile 30x40cm eg gleder meg til å få prøve. Når plata er eksponert, som regel med ein lukkertid på 2-10sekunder, avhenging av lyset og kor «raskt» objektivet på kameraet er.
Deretter er det tilbake til mørkerommet for å fremkalle plata i ei blanding av eddiksyre, alkohol, vatn og jernsulfat. Så fort den er fremkalt, noko som tar ca 15sekunder for ein positiv så er plata ikkje lenger lyssensitiv, så da kan ein ta på lyset og «stoppe» fremkallinga ved å helle over vatn. Så er plata klar for å fikses, dette gjerast i eit bad av enten Potassium-cyanide (meget farlig) eller som eg gjør, enten i anti-klor eller Ilford Rapid fix. Dette fungerer, men er litt tregere og en trenger da mer vask etterpå for å få vekk fiksen.
Heilt tilslutt når plata er tørka og klar så tar ein på varnish, eller ferniss, som det vert kalla på norsk. Eg bruker ein blanding av Gum sandarac, (sevje fra eit litt eksotisk tre), alkohol og lavendelolje. Dette er det som beskytter plata mot småskader, og det aller viktigste så sølvet ikke oksiderer og vert mørkt/svart.

Tilbake til korfor plata som regel er svart, det er fordi for å få ein positiv så må «bakgrunnen» vere svart. Tar du det på klart glass vil det se ut og oppføre seg som eit negativ, men maler du baksiden svart, eller bare holder noe svart bak så ser det plutselig ut som ein positiv ein kan henge rett på veggen. På grunn av dette så har han mulighet til å både laga positiver en kan henge på veggen, men også negativer en kan bearbeide videre, feks lage saltprints, blåkopier (cyanotypes), van dyke brown, gum bichromate osv osv Mulighetene er uendelige.

Så det eg håper eg vil poste her etterkvart er utflukter eg har, ting eg lærer, kanskje lage nokre videoer på norsk som forklarer prossessen, oppskrifter og annet. Vi får se hvordan det går, eg er desverre kjent for å ikkje ta vare på bloggene eg starter, men håper denne kan forandre på det. Uansett, håper det blir interessant, både for dykk og meg !


Jonny

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *